Tekst: Per Olav Kaldestad / Musikk: Jan I. Toft
Eg vil syngja ein liten song
om korfor eg syng som eg gjer.
Eg syng som eg gjer fordi
det er eg som no sit her.
Eg sit her no og tilstår at
eg liker å sludra med alle,
men fører så gjerne ordet sjølv
at eg set melodi til min tale.
Då kan ingen seie meg imot,
eg held dine tankar i mine.
Då er eg glad til songen er slutt
og tankane er blitt dine.