Januar
Eg traff deg den gongen, det var vinter og kaldt
Eg gjekk rundt i tankar mens snøen den fallt
Eg såg du var vakker, men du virka litt sky
Du gjekk inn på ein pub, du søkte nok ly
Eg gjekk inn i varmen, du sat ved eit bord
Du sat der åleina, sjølv om trengselen var stor
Eg bestilte ein Whiskey, for å få blodet i gong
Tenkte for meg sjølv, "denna kvelden kan bli long"
Du såg på meg med auger som brant
Og det siste streif av tungsinn gav opp og forsvant
Eg bestilte ein ny drink, gjekk bort te ditt bord
Og satte meg ned utan eit ord
Ein trubadur begynte spela songar frå før
Du song med på teksten, eg tenkte "eg dør!"
For di stemme var så vakker, alt omkring oss forvant
Eg sansa meg ikkje før morgonen rant
Eg vakna opp på eit lager, fullt av ølfat og egg
Eg såg lys siva inn frå ein glugg på ein vegg
På magen min låg det ein lapp der det stod
"Takk for i nått, men det kan aldri bli oss to"
Og ute var snø blitt te regn
Eg ropte og leita, men ikkje eit tegn
Eg gjekk der forvirra, blei våt te skinnet
Neste gong puben lokka, skal eg holda meg inne!
Eg seie ååå-ååå-åååå
ååååå-åååå-åååå
Eg gjekk der forvirra, blei våt te skinnet
Neste gong puben lokka, skal eg holda meg inne!