Jeg vil framføre et dramatisk Dikt
No livnar det i lundar
No lauvast det i lid
Den heile skapning stundar
No fram til sumars tid
Det er vel fagre stunder
Når våren kjem her nord
Og atter som eit under
Nytt liv av daude gror
Guds kyrkja lysa skulde
Som høgt på berg ein stad
Med sumar, utan kulde
Og utan solarglad
Guds ord vel alltid lyser
Den sol gjeng aldri ned
Det hus som Anden hyser
Ligg stødt i ljos og fred
Men stundom kom då kulde
På Herrens kyrkjemark
Det var som Gud seg dulde
Og burte var Guds ark
Det var dei myrke dagar
Guds ord var fåhøyrd segn
Og hjarta frys og klagar
Det saknar sol og regn
So sende Gud sin Ande
Som dogg på turre jord
Då vakna liv i lande
Då grøddest vent Guds ord
Då er det sæle tider
For Kristi kyrkjegrunn
Då lauvast det i lider
Då livnar det i lund
Då ljosnar det i landet
Frå fjell og ned til fjord
Då losnar tungebandet
Då kved Guds folk i kor
Då skin det yver strender
Som sol ein sumarkveld
Då gløder kring i grender
Ein heilag altareld
Du vår med ljose dagar
Med lengting, liv og song
Du spår at Gud oss lagar
Ein betre vår ein gong
Då me med vigsla tunga
Med kjærleik heil og klår
Alt utan brest og sprunga
Skal lova Herren vår